Shadow

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur.

Ved utgangen av 2009 inneheldt samlingane 61 600 kulturhistoriske gjenstandar (trykte skrifter, arkivmateriale, audiovisuelle medium og tradisjonelle gjenstandar) kunsthistoriske gjenstandar og fotografi.

Målet er at utstillingane skal svare på kvifor det var naudsynt med eit nytt norsk skriftspråk, og kvifor det framleis er naudsynt å halde oppe dette skriftspråket.

Det er også eit mål at dei som vitjar utstillinga skal bli inspirerte til refleksjon over sitt eige språk, og at dei får ei større forståing av språk som fenomen.

Nybygget frå 2000 er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn (1924–2009) og er heidra med betongtavla og A. C. Houens fonds diplom.

Gå inn på nettsida www.aasentunet.no for meir informasjon.